Der blev fundet 8 produkter som matchede din søgning efter ikkje i 2 butikker:
-
Kvitleik : Forteljing - Jon Fosse - Bog
Sælger: Saxo.com Pris: 389.95 dkr (+29.95 dkr)Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein sti i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjølv om han tenkjer det er toskeskap å gjera slikt. "Særleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppført meg, fyrst køyre bilen min fast og så gå inn i skogen for å finne hjelp, korleis kunne eg vel koma på tanken at det var hjelp å finne i skogen, i svarte skogen inne, for ein tanke, nei det vart aldeles feil å kalle det for ein tanke, det var meir eit påhitt, noko slikt, eitkvart eg berre hadde kome på. Tullete, var det. Reine toskeskapen. Dumskap. Rein og skir dumskap." «Kvitleik» er ei lysande forteljing om grensa mellom liv og død.
-
Kunsten å feike arabisk
Sælger: Cdon.dk Pris: 320.00 dkrEi forteljing om autisme«Ein del av meg døydde. Ein annan del byrja endeleg, endeleg å leve.» I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går. Då journalisten og forfattaren Lina Liman fekk diagnosen som vaksen, hadde ho vore pasient i psykiatrien i sju år. Ho hadde møtt nesten hundre legar, vore tvangsinnlagd og gått på sterke medisinar. At det tar svært lang tid før ei kvinne med autisme blir greidd ut, er ikkje uvanleg. Ofte blir autisme hos kvinner ikkje oppdaga i det heile tatt. Kunsten å feike arabisk er ei gripande og engasjerande forteljing om korleis det er å leve med autisme, og korleis ein diagnose kan forandre livet. Boka er omsett til norsk av Olaug Nilssen. Lina Liman (f. 1980) er journalist med bakgrunn frå Dagens Nyheter og Östgöta Correspondenten. Ho har også skrive den sjølvbiografiske När mörkret kom - en bok om anorexia (2000). Sjølvbiografien Konsten att fejka arabiska kom i 2017. Sagt om Kunsten å feike arabisk: «I Kunsten å feike arabisk skisserer Liman ei kronologisk forteljing om livet sitt med personlege skildringar av korleis autismen hennar kjem til uttrykk. [...] [Ho gjer] ein viktig folkeopplysingsinnsats. Utan å forenkle avdramatiserer ho autisme.» Anna Andersson, Aftonbladet «Autismens paradoks, fabelaktig fortalt.» Anders Kapp, Kapprakt «Liman skriv seg, både pedagogisk og poetisk, gjennom barndommen, tenåra, anoreksien og alle forsøka sine på å prestere og vere «normal» [...] Kunsten å feika arabisk skriv seg inn i ein tradisjon av tekstar om kvinneleg psykisk, ofte misforstått, liding.» Maria Edström, Expressen
-
Yt Etter Evne, Få Etter Behov - Olaug Nilssen - Bog
Sælger: Saxo.com Pris: 469.95 dkr (+29.95 dkr)I "Yt etter evne, få etter behov" får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han. Med "Yt etter evne, få etter behov" har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i "Tung tids tale" frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?
-
Begynnelser : Roman - Carl Frode Tiller - Bog
Sælger: Saxo.com Pris: 219.95 dkr (+29.95 dkr)Miljøvernaren Terje ligg på sjukehuset etter å ha tatt sitt eige liv. Vi følger han bakover i tid, først som vaksen, deretter som ungdom og til slutt som barn. Gradvis blir vi kjente med ei sår familiehistorie, Terjes glødande kjærleik til naturen og alle vala han tok eller ikkje tok. Kvifor blir eigentleg livet som det blir, og kva er samanhengen mellom enkeltmennesket og det store kretsløpet vi alle er ein del av? "Begynnelser" er ein vakker og svært aktuell roman om den komplekse menneskenaturen og naturen vi held på å øydelegge. Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2018.
-
Mørke : Stjerner, Redsel Og Fem Netter På Finse - Sigri Sandberg - Bog
Sælger: Saxo.com Pris: 279.95 dkr (+29.95 dkr)Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever? Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg likevel aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934. Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur?
-
Arbeidarhjerte : Roman : Bok 1 - Carl Frode Tiller - Bog
Sælger: Saxo.com Pris: 479.95 dkr (+29.95 dkr)Trond veit ikkje lenger kven han er. Han vaks opp i Namdalen på 1970-tallet, på Prærien, i ein typisk arbeidarklassefamilie. Faren jobba på saga og var ihuga NKP-ar, mora jobba som hjelpepleiar og var fråfallen frå bedehusmiljøet. Trond hadde høgare ambisjonar, han ville studere, og skaffa med tida eit trygt middelklasseliv. Han skaffa seg alle moglegheiter. Men nå har han mista grepet. Han har mista jobben, har skilt seg frå kona, han forstår seg ikkje på døtrene sine. Arbeidarhjerte er ein roman om en mann som midtvegs i livet begynner å forakte det han har oppnådd. Den handlar om korleis Norge har forandra seg dei siste 50 åra, og om eit sosialdemokrati som truar med å gå i oppløysing.
-
Du er så lys
Sælger: Cdon.dk Pris: 193.00 dkr (+39.00 dkr)Det er eit nytt år i den vesle bygda. I gata til Jørgen og Vibeke kjem det glede og endring når ein familie på tre flyttar inn i nabohuset. Især legen Steinar, faren i huset, er noko for seg sjølv; det står liksom ein eigen vind om han.Men kven er Steinar? Ganske snart begynner Jørgen og Vibeke å merke ting dei ikkje forstår. Kva er det han held på med, den nye naboen? Kva er det som gøymer seg i han?Du er så lys er ein moderne psykologisk thriller, ei nervepirrande og gripande bok om det vi ikkje får auge på. Sjølv om det utspeler seg like framfor oss.
-
Kvitleik
Sælger: Cdon.dk Pris: 198.00 dkr (+39.00 dkr)I den mørke skogen. Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein sti i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjølv om han tenkjer det er toskeskap å gjera slikt. «Særleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppført meg, fyrst køyre bilen min fast og så gå inn i skogen for å finne hjelp, korleis kunne eg vel koma på tanken at det var hjelp å finne i skogen, i svarte skogen inne, for ein tanke, nei det vart aldeles feil å kalle det for ein tanke, det var meir eit påhitt, noko slikt, eitkvart eg berre hadde kome på. Tullete, var det. Reine toskeskapen. Dumskap. Rein og skir dumskap.» «Kvitleik» er ei lysande forteljing om grensa mellom liv og død.«Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» Frå grunngjevinga til Svenska Akademien.«Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.»Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.
8 resultater på 0.093 sekund
Relaterede søgeord
© Copyright 2025 shopping.eu