4 produkter ble funnet som samsvarer med søket ditt etter ikkje i 2 butikker:
-
Kvitleik
Leverandør: Cdon.no Pris: 288.00 nkr (+49.00 nkr)I den mørke skogen. Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein sti i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjølv om han tenkjer det er toskeskap å gjera slikt. «Særleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppført meg, fyrst køyre bilen min fast og så gå inn i skogen for å finne hjelp, korleis kunne eg vel koma på tanken at det var hjelp å finne i skogen, i svarte skogen inne, for ein tanke, nei det vart aldeles feil å kalle det for ein tanke, det var meir eit påhitt, noko slikt, eitkvart eg berre hadde kome på. Tullete, var det. Reine toskeskapen. Dumskap. Rein og skir dumskap.» «Kvitleik» er ei lysande forteljing om grensa mellom liv og død.«Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» Frå grunngjevinga til Svenska Akademien.«Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.»Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.
-
Linda Stuhaug Kvardagsmiddagar
Leverandør: Friskforlag.no Pris: 399.00 nkrDenne boka tar for seg kvardagsmiddagar. Laga frå botnen, men ikkje nødvendigvis meir tidkrevjande enn å varme ein frosenpizza eller mekke saman noko frå Toro. Over 60 sunne, raske og enkle rettar med gode, reine råvarer og mykje grønsaker. Oppskrifter for dei som liker å lage mat, men også for dei som ikkje liker det. Rettar som passar like fint til eldre som yngre, til vaksne som barn. Rett og slett alt-i-eittmiddagar for alle.
-
Kunsten å feike arabisk
Leverandør: Cdon.no Pris: 448.00 nkrEi forteljing om autisme«Ein del av meg døydde. Ein annan del byrja endeleg, endeleg å leve.» I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går. Då journalisten og forfattaren Lina Liman fekk diagnosen som vaksen, hadde ho vore pasient i psykiatrien i sju år. Ho hadde møtt nesten hundre legar, vore tvangsinnlagd og gått på sterke medisinar. At det tar svært lang tid før ei kvinne med autisme blir greidd ut, er ikkje uvanleg. Ofte blir autisme hos kvinner ikkje oppdaga i det heile tatt. Kunsten å feike arabisk er ei gripande og engasjerande forteljing om korleis det er å leve med autisme, og korleis ein diagnose kan forandre livet. Boka er omsett til norsk av Olaug Nilssen. Lina Liman (f. 1980) er journalist med bakgrunn frå Dagens Nyheter og Östgöta Correspondenten. Ho har også skrive den sjølvbiografiske När mörkret kom - en bok om anorexia (2000). Sjølvbiografien Konsten att fejka arabiska kom i 2017. Sagt om Kunsten å feike arabisk: «I Kunsten å feike arabisk skisserer Liman ei kronologisk forteljing om livet sitt med personlege skildringar av korleis autismen hennar kjem til uttrykk. [...] [Ho gjer] ein viktig folkeopplysingsinnsats. Utan å forenkle avdramatiserer ho autisme.» Anna Andersson, Aftonbladet «Autismens paradoks, fabelaktig fortalt.» Anders Kapp, Kapprakt «Liman skriv seg, både pedagogisk og poetisk, gjennom barndommen, tenåra, anoreksien og alle forsøka sine på å prestere og vere «normal» [...] Kunsten å feika arabisk skriv seg inn i ein tradisjon av tekstar om kvinneleg psykisk, ofte misforstått, liding.» Maria Edström, Expressen
-
Du er så lys
Leverandør: Cdon.no Pris: 254.00 nkr (+49.00 nkr)Det er eit nytt år i den vesle bygda. I gata til Jørgen og Vibeke kjem det glede og endring når ein familie på tre flyttar inn i nabohuset. Især legen Steinar, faren i huset, er noko for seg sjølv; det står liksom ein eigen vind om han.Men kven er Steinar? Ganske snart begynner Jørgen og Vibeke å merke ting dei ikkje forstår. Kva er det han held på med, den nye naboen? Kva er det som gøymer seg i han?Du er så lys er ein moderne psykologisk thriller, ei nervepirrande og gripande bok om det vi ikkje får auge på. Sjølv om det utspeler seg like framfor oss.
4 resultater på 0.099 sekund
Relaterte søkeord
© Copyright 2025 shopping.eu