Der blev fundet 6 produkter som matchede din søgning efter korleis i 2 butikker:
-
Nye Grep Om Skriveopplæringa : Forskningsfunn Og Praksiserfaringar - Synnøve Matre - Bog
Sælger: Saxo.com Pris: 499.95 dkr (+29.95 dkr)Korleis kan ei felles forståing av skriving og tydelege forventningar om skrivekompetanse gi betre skriveopplæring? Og korleis kan ein utnytte læringspotensialet som ligg i skriving i ulike fag og samanhengar? I fleire år har forskarar følgt ei stor gruppe lærarar og elevar i arbeidet deira med skriving og vurdering. Funna er interessante og oppsiktsvekkande. Denne boka presenterer bakgrunnen for det landsomfattande Normprosjektet, gjennomføringa, funn og erfaringar. Boka inneheld også praktiske ressursar for skriveopplæring og tekstvurdering og presenterer erfaringar med å ta desse i bruk. Lærar- og elevstemmer kling saman med forskarstemmene gjennom heile boka, mellom anna i form av skriveoppdrag, elevtekstar frå ulike fag og samtalar om tekstar. Slik vender boka seg til ei brei lesargruppe: skriveforskarar, lærarutdannarar, skuleleiarar, utviklingsorienterte lærarar og ikkje minst lærarstudentar. Forskarane som har designa og gjennomført prosjektet, har i fellesskap forfatta boka, og redaktørane har skrive det heile saman. I etterordet set Judy Parr frå New Zealand prosjektet inn i ein internasjonal kontekst.
-
Keeperen og havet
Sælger: Cdon.dk Pris: 295.00 dkr (+39.00 dkr)Trille og Lena frå Vaffelhjarte tilbake, til glede for gamle og nye lyttarar! Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han kan gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, slik han alltid har gjort, utan å bry seg om at han byrjar å bli gammal. Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene. For kva skal ein gjere når alle flåtane ein byggjer, forliser, alle flaskepostane ein sender, driv inn i fjørene heime og ingen bryr seg om det ein verkeleg kan? Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det! For som Lena Lid seier i trengde situasjonar: No må de søren kverke meg vakne, der framme!
-
Nynorsk Litteraturhistorie - Jan Inge Sørbø - Bog
Sælger: Saxo.com Pris: 559.95 dkr (+29.95 dkr)I "Nynorsk litteraturhistorie" gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i - og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar. Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på. Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget i 2018.
-
Kritisk Literacy I Klasserommet - Karianne Skovholt - Bog
Sælger: Saxo.com Pris: 354.95 dkr (+29.95 dkr)Med heile verda tilgjengeleg gjennom internett er evna til å vurdere vel så viktig som evna til å finne informasjon. Kritisk literacy er nøkkelen. Denne boka handlar om kva det vil seie å ha ei kritisk tilnærming til tekst, og korleis ein kan arbeide med kritiske tilnærmingar i klasserommet. Med utgangspunkt i internasjonal teori og forsking blir kritisk literacy presentert både som ein kompetanse, eit teoretisk felt og som nokre didaktiske metodar. Boka gir ein introduksjon til feltet kritisk literacy og tilbyr verktøy og konkrete eksempel på korleis lærarar kan arbeide med å utvikle elevane sine kritiske ferdigheiter. Aslaug Veum og Karianne Skovholt er båe førsteamanuens i norsk ved Institutt for språk og litteratur, Campus Vestfold, Universitetet i Sørøst-Norge. Dei er produktive forskarar og faglitterære forfattarar med ei rekkje utgjevingar bak seg.
-
Å gripe fortida
Sælger: Cdon.dk Pris: 329.00 dkrInnføring i historisk forståing og metode, revidert utgåve Kva for innsikt om fortida er det historikarane søkjer? Og korleis går dei fram for å nå denne innsikta og skape meiningsfulle framstillingar av det fortidige? Dette er to av problemstillingane som forfattarane tek opp i denne innføringsboka i historisk forståing og metode. I denne revisjonen er det komme til ein del om munnlege kjelder og bilete. Forfattarane syner mangfaldet i kunnskapen om fortida og arbeidsmåtane som kan brukast for å gripe henne. Dei tek føre seg alle delar av forskingsprosessen, val av problemstilling og avgrensing, metodiske innfallsvinklar i arbeidet med kjelder og, ikkje minst, den rolla teoriane har i slikt arbeid. Boka viser korleis ein kan forklare hendingar og prosessar historisk, samstundes som ho legg vekt på at historiefaget sjølv nettopp må forståast historisk. Emna, metodane og perspektiva har endra seg over tid, samstundes som mykje av det gamle historiefaget pregar måten historikarar arbeider på i dag.
-
Kvit, norsk mann; dikt
Sælger: Cdon.dk Pris: 273.00 dkr (+39.00 dkr)Diktsamlingen Kvit, norsk mann av Brynjulf Ljung Tjønn er en bok som bør leses og brukes av alle. Diktene handler om norsk oppvekst og norsk rasisme og det er skremmende og vond lesning. Samtidig er diktene både kloke og til tider også morsomme. Diktsamlingen har høstet lovord fra kritikere.Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå.Kvit, norsk mann byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar - og set vår samtid og kultur under lupen.Gjennom livet har forfattaren blitt minna på at han ikkje er norsk nok. Er han det no? Når blir han det? Og korleis ser framtida ut for hans eigne barn? Kven blir forfattaren og barna hans når den norske garden dei har arva må seljast?«[...] så mektig og gripende at jeg tror det vil bli stående i norsk litteratur. [...] et vemodig, vitalt og nødvendig bidrag til samtidslitteraturen.» Ingunn Økland, Aftenposten«I alt er det ein sterk tematikk som er retta mot eit breitt publikum. Det gjer at eg vil tilrå den til alle unge vaksne og oppover, men óg til bruk i antirasistisk arbeid og undervising.(...) eit gripande bilete av korleis det er å oppleva rasisme» Jannicke Totland, Framtida, terningkast 6.«Brynjulf Jung Tjønn skriver ikke politisk korrekte dikt om å være adoptert. Snarere er dette rystende lesing.(...)Når han treffer, så treffer han til de grader. Og da skriver han for alle.» Espen Grønlie, Dagbladet, terningkast 5.
6 resultater på 0.085 sekund
Relaterede søgeord
© Copyright 2025 shopping.eu